Kraftfylka som representerer ti fylkeskommunar oppmodar energipolitikarar på Stortinget til å ta ansvar. Metreng eit heilskapleg, tverrpolitisk kraftforlik som definerer produksjons- og effektmåla og kva verkemiddel som trengst for å nå måla. Det vil vera krevjande for alle parti å leggja bort primærstandpunkt, men me har sett før at Stortinget kan samla seg om viktige, overordna saker. Tilgang til fornybar energi er ei slik sak. Utan nok kraft klarar me ikkje å nå måla våre om grøn omstilling, reduserte utslepp og berekraftige investeringar for god nærings- og samfunnsutvikling.

Det er mange omsyn å ta. Me skal ta vare på natur, omstilla industrien og leggja til rette for ny. Difor må eit kraftforlik ta innover seg alle sider ved det nasjonale energibehovet i landet og korleis me skal løysa oppgåva.

I Storting, regjering, fylke og kommunar er det vedteke ambisiøse mål om grøn omstilling, avkarbonisering, utsleppskutt og næringsutvikling. Men desse måla krev noko heilt konkret: Mykje meir fornybar energi og langt større nettkapasitet enn i dag. Kraftforbruket er venta å auka med 37 TWh innan 2035. Det er mykje, særleg når me veit kor lang tid det tek å etablera ny produksjon.

Problemet er at det skjer altfor lite. Det vert knapt etablert ny produksjon, og nettkapasiteten er sprengd i nesten heile landet. Utbyggingstakten må kraftig opp om me skal ta vare på eit kraftoverskotet som er nødvendig for å sikra stabil tilgang på kraft til rimelege prisar.

Det er mange gode krefter i og rundt fornybarbransjen som går i same retning. NHO og LO har gjort en kjempejobb med Kraftløftet, kraftprodusentar som Eviny har gått i front med å ta naturtapsproblematikken på alvor, Samfunnsbedriftene Energi har lenge etterlyst en nasjonal energiplan og fleire fylkeskommunar har solide regionale planar for fornybar energi.

Eit kraftforlik må gje opning for kraft både frå vatn, vind og sol. Kommunane må spela ei nøkkelrolle, få sin del av verdiskapinga og ha nok ressursar til sikra at nye prosjekt vert grundig utgreidde før det vert teke avgjerd.

Kraftfylka oppmodar om vidare samarbeid og vonar våre folkevalde kan gå saman om å finna konkrete løysingar på ei av dei store utfordringane i vår tid: produsera nok kraft, med tilstrekkeleg effekt og nettkapasitet, på lag med kommunane og utan å gå på akkord med arbeidet for å ta vare på natur. Det er ei krevjande, men heilt nødvendig. Me må finna løysingar som står seg over tid, uavhengig av vekslande fleirtal i Stortinget.